Ørsta
Den som ein gong, og gjerne for første gong, har stige ut av bilen og vendt augo mot himmelranda på Standaleidet, gløymer det neppe. Når heile kvelven er blått bakteppe for alle tenkjelege tindar og taggar i 360 graders omkrins, når lufta er klar og rein, kan det like gjerne vere vår, sommar, haust eller vinter - og her er like vilt og vakkert.
Standaleidet dannar eit vidt og langstrekt høgdedrag mellom Follestaddalen og Ørstafjorden i vest, Standal og Hjørundfjorden i aust. Herifrå kan du planleggje turar og utflukter i alle kategoriar, frå lat rusling langs god gamaldags grusveg, til tinderangling med skarpklatring
Av toppane er nok Kolåstinden (1.432 m )den meste kjende, først og fremst eit mål for topptur med ski om vinteren, seinare også kombinert med brevandring når snøen smeltar. Men er her er også utfordringar som å bestige Sætrerindane, Fingeren, Sætreegga, Sætretindane, Grøtdalstindane, Kalvedalstindane og ei rekkje andre mål. Nokre vil til topps uansett, andre nøyer seg fullt ut med å nyte synet nedanfrå. Det er i dag heilårsopen veg over Standaleidet.
I kanten av Standalvatnet, som ligg berre nokre steinkast frå Standalhytta, er det rigga flytebryggje og badestrand. Her er det duka for dukkert eller padling eller kva som helst vassrelatert (bortsett frå om vinteren - då er vatnet som ligg på 363 høgdemeter som regel beinfrose)
Omtrent i holet for passarspissen, viss du skal slå sirkel kring alt dette, ligg altså Standalhytta. Ærverdig og telja med grovt tømmer i fasadebygget. Første byggetrinn kom i 1913, seinare har hytta vore påbygd i fleire omgangar. Seinast i 2011 fekk soveroma og storkjøkkenet i hytta ei omfattande oppussing, alt gjort på dugnad frå medlemmer i eigarforeninga Aalesunds Skiklub. Eigarforeininga er endå eit hakk eldre enn hytta, skipa i 1908.
Første tiåra i hytta si historie var det jamn og stor aktivitet. På 1980-talet kom nedgangstider med mindre bruk, og anstrengt økonomi og med dette tendensar til forfall. Men i 1994 fekk skiklubben eit større økonomisk bidrag frå KNA Sunnmøre. Desse pengane gjekk hovudsakleg til å bygge om austfløya til ei sjølvstendig avdeling. Denne har ti sengeplassar og inngår no i Den Norsk Turistforening (DNT) sitt nett av sjølvbetjeningshytter med standart DNT-lykjel.
I 2001 kom den neste store oppgraderinga, eit nybygg på 140 kvadratmeter husar komplett sanitæranlegg med badstu og tørkerom. Også utandørs er mange tiltak gjennomført, mellom anna er eit klatrefelt under etablering i Bjønnanakken.
Standalhytta har total overnattingskapasitet på over 60 sengeplassar. Ho kan leigast også til åremålsfeireingar og andre slutta lag. Jula 2011 leigde til dømes storfamilien Hestetun heile hytta til kombinasjonen alternativ julefeiring, barnedåp og slektstreff. Eit 20-tals personar hadde omfattande utandørsaktivitetarar for store og små, frå toppturar til snøholegraving. Innøndørs gjekk julebakst og ribbesteiking leikande lett på nytt storkjøkken.
Prøv Standaleidet – på din eigen måte.